-
Notifications
You must be signed in to change notification settings - Fork 0
Description
STATUS: under spesifisering
Bakgrunn
Brukarkontoar vert i dag automatisk sletta dersom brukaren ikkje har logga inn på over 1 år, eller dersom ein brukarkonto ikkje har godtatt vilkåra når det har gått over 1 time sidan brukarkontoen vart oppretta.
Det vert sendt ut e-postvarsel til inaktive brukarkontoar 1 veke før og 1 dag før sletting, og ein siste e-post ved sletting.
For brukarar som er vekke, til dømes på ferie, sjukmeldt eller anna, er dette for kort tid.
Tiltak
M1) Tidlegare varsling
Minst 6 veker før sletting. Aktuelt med endå lengre tid i forvegen dersom ein aukar utløpstid (sjå M2)
M2) Lenger tid før kontoar vert automatisk sletta
I dag kun 1 år. Kan vi utvide til f.eks. 18 månadar
M3) Forbetre e-postar som vert sendt ut
Gjere det tydeleg for brukarane kva dei går glipp av dersom brukarkontoen vert automatisk sletta. Samtidig også gje tips til å få meir verdi av Datalandsbyen (abonnere på varsel på emner og kategoriar, samandrag på e-post)
Vegen vidare
- Avklare kva juridiske rammer vi har når det gjeld kor lang tid det går før automatisk sletting
- TODO: Drøfte med jurist tysdag 3. juni
- Start på kladd til oppdaterte e-posttekstar. Livar tar opp i Datalandsbyen-gruppa
- Bestemme nye tidspunkt for utsending av e-post
Metadata
Metadata
Assignees
Labels
Type
Projects
Status